Dyrskun 2017

Dyrskun

 

Helgen 8 til 10 september 2017 går Dyrskun av stabelen. Her er det mange aktiviteter for både barn og voksne.Åpningstidene for Dyrskun er

Fredag 8. september kl. 09.00 – 20.00

Laurdag 9. september kl. 09.00 – 20.00

Sundag 10. september kl. 09.00 – 18.00

 

 

I over 150 år har handels- og landbruksmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku’n samla over 90 000 menneske årleg frå heile Sør-Noreg. Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.
Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, samstundes som statsagronom Johan Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.

I dag er det ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dyra finn du sjølvsagt fortsatt her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku’n, som alltid startar 2. fredag i september!

 

Husflid og handverk på Dyskun

 

  • Hall A finn du husflidshandverkarar som sel ulike produkt i ulike teknikkar. Alle har produkta sine som næringsveg.
  • Hall B inneheld innsendte produkt frå heile Noreg. Desse har deltatt i Husflidstevlinga, og er vurdert og dømt av faglege dommarpanel. Under Dyrsku’n utgjer desse Husflidsutstillinga saman med særutstillinga, samt utstilling av studentarbeider frå HSN campus Notodden og Rauland.
  • På Sterke Nils-tunet blir bl.a. gamle husflids- og handverkstradisjonar demonstrert.
  • Ung Husflid arrangerer aktivitetar innan handverk for barn i Loftet
  • Dalane Skule syner Telemark Husflidslag fram ei utstilling knytt til Dyrsku’n og tradisjonelt handverk. I tillegg kan barn og unge få lage produkter i ull.
  • Vest-Telemark Museum syner fram ei aktuell utstilling i Gonge-stogo.

Velkomen!

Husflidstevling 2017

 

 

Den årlege husflidstevlinga på Dyrsku’n speglar dei rike husflids- og handverkstradisjonane våre, og har som siktemål å syne fram både kvalitet, mangfald, tradisjon og nyskapning. Samtidig skal tevlinga stimulere til kunnskapsformidling og auka rekruttering.

Dyrsku’n feira 150 år i 2016, og får kvart år besøk av over 90.000 gjester og 740 utstillarar. Innan husflid og handverk har det vore tevla sidan 1963, då med hovudsakleg fokus på tradisjonelt handverk, gjerne knytt opp mot landbruket.

Gjennom Husflidstevlinga Dyrsku’n 2017 skal vi ta vare på denne tradisjonen, like mykje som målet er å stimulere til nyskaping og rekruttering, samt å ha fokus på kvalitet.

Vi har i år eit særskild fokus på kubbestol gjennom særutstillinga, «Ein kubbe til å stole på», og vi oppmodar deltakarar til å la seg inspirere til nytenking rundt dette emnet.

Dei beste produkta frå tevlinga vert stilt ut i Hall B under Dyrsku’n saman med årets særutstilling.

Vi ynskjer med dette å invitere til deltaking i Husflidstevlinga og -utstillinga Dyrsku’n 2017.

Søknadsskjema til årets tevling finn du her. 

Overnattning

Her er Dyrskun egen oversikt over overnattningsmuligheter


Hotell

Pensjonat

Hytte/leilighet

Camping

Rom

Hus

Anna
Vis alle
0.0 km: Uppebøen 
0.0 km: Campingvogn
0.0 km: Campingvognar til utleige
1.0 km: Seljord Hotell
1.0 km: Rui camping
1.0 km: Visit Seljord
2.3 km: Tømmeråsen
3.0 km: Bjørgemoen 13
3.0 km: Øvre Kildal
4.0 km: Brekkavegen 16
5.0 km: Hus i Nordbygdi 
11.0 km: Garvikstrondi Camping
15.0 km: Heddesli, Kviteseid
15.0 km: Holtestaul
16.0 km: Hytte i Trollebotn
16.0 km: Hus i Kviteseid sentrum
17.0 km: Solheim Overnatting
18.0 km: Sanda Camping og Hytteutleige
19.0 km: Bobil
20.0 km: Syftestad i Kviteseid
22.0 km: Su-Hovland
25.0 km: Lekker leilighet i Bø
28.0 km: Quality Straand Hotel
30.0 km: Åmotsdal
31.0 km: Ofte Gundersen AS
31.0 km: Bø Hotell As
33.0 km: Bø Camping
35.0 km: Hauganvegen overnatting
38.0 km: Lifjelltunet Hyttegrend
41.0 km: Leilighet ved Lårdal Brygge
42.0 km: Norsjø Ferieland
42.8 km: Bø gardsturisme
43.0 km: Norsjø Hotell
44.5 km: Norsjø Hostel
48.0 km: Lunde vandrerhjem
50.0 km: Dalen Hotel
53.0 km: Raulandsakademiet og Vandrarheim
54.0 km: Telemarkssylv
58.0 km: Nisser hyttegrend og camping
58.0 km: Sommerhus
60.0 km: Lie Hytter
60.0 km: Rauland Feriesenter 
64.0 km: Rauland Høgfjellshotell

 

Reise

 

Seljord ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Her finn du raskaste veg til Dyrskuplassen. 

Dyrskuplassen ligg rett ved E134 som går frå Oslo til Haugesund. Under Dyrsku´n er det stor trafikk
inn mot Seljord at dei som har moglegheit vurderar buss eller tog.

Buss:
Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt med bussekspress og god kommunikasjon med sentrale plassar
som Oslo, Bergen og Torp. 

Tog:
Det går tog til Bø i Telemark frå Oslo, Kristiansand og Stavanger. Derfrå er det godt bussamband vidare til Seljord.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *